Praktisk bistand i heimen (heimehjelp)Praktisk bistand i heimen er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål. Heimehjelp kan omfatte reingjering av rom som er i dagleg bruk, skifte av sengetøy, vask av klede i vaskemaskin, innkjøp av matvarer. Klarer du ikkje slike praktiske gjeremål kan du søkje om heimehjelp. Korleis søkje Du må bu eller opphalde deg i kommunen og du må sende ein skriftleg signert søknad. Gå til søknadsskjema > Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB) Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande og du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker. Søknaden skal du sende til: Askvoll kommune v/Omsorgskontoret 6980 Askvoll Oppgåver som heimehjelp ikkje inkluderer Stryking av klede Reingjering av område over "skulderhøgd" eller av rom som ikkje er i bruk Opplæring til hushald Hagearbeid Nedvask Baking Rydding og vasking etter friske pårørande eller besøkjande Hjelp til kjæledyrhald. Flytting av bossdunkar i fellesareal Frakting av boss til bossfylling Gjere i stand til høgtider Flytting av møblar Betaling Det er eigenandel på heimehjelp/praksisk bistand. Dette er regulert etter inntekt i husstaden. Eigenandelen er fastsatt av Kommunestyret - sjå vedlegg/link. (DOC, 43 kB) Publisert18.04.2016 11.32 Sist endra11.02.2019 16.37