Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Slik søker du

Bruk ByggSøk

Askvoll kommune tek imot søknader gjennom ByggSøk og oppmodar alle til å søkje elektronisk.

Du vert rettleia gjennom byggesøknaden ved hjelp av hjelpetekster undervegs i utfyllinga.

Første gangen du brukar ByggSøk må du opprette brukarnamn og passord.

Skjema og byggesaksblankettar

Om du ikkje ønskjer å søkje elektronisk finn du søknadsskjema for manuell utfylling og innsending på Direktoratet for byggkvalitet sine sider. Last ned byggesaksblankettar her.

Vedlegg til søknad

Det skal leggast ved teikningar, dvs. plan-, snitt-, og fasadeteikningar samt situasjonsplan (kartutsnitt) som viser arealbruken på tomta.

For større byggetiltak og nybygg kan søknader ikkje sendast av tiltakshavar sjølv. Søknader må sendast inn av føretak som kan godkjennast som ansvarleg søkar. Ansvarleg søkar skal syte for at søknaden er komplett.

Følgjande tiltak er ikkje søknadspliktig

Kontakt

Bygg og eigedomsavdeling

.
Telefon : 57 73 07 00
E-post : Send e-post