Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Bruksendring: fritidsbustad til bustad

Bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad er søknadspliktig jf. plan- og bygningslovens (pbl) § 20-1 bokstav d.

Om byggesaksprosessen

Søknadspliktig vil seie at søknad, prosjektering, utføring og kontroll av bruksendring skal ivaretakast av firma med ansvarsrett.

For å få løyve etter plan- og bygningsloven må det du søkjer om vere i tråd med gjeldande plan. Søknad om bruksendring frå fritidsbustad til bustad vil i dei fleste tilfella krevje dispensasjon frå plangrunnlaget eller reguleringsendring.

Søknad om dispenasjon skal vere grunngjeven. Gebyret for søknader som treng dispensasjon er kr. 4 600,-. I tillegg kjem basisgebyret for byggesaka (gebyrregulativ for byggesakshandsaming finn du i kap. 2 (frå s.6) i prisboka for kommunale avgifter og gebyr). Sakshandsamingstid til ein søknad som treng dispensasjon frå plangrunnlaget er på 2 - 3 månader.  

I område som er avsett til fritidsbustader i plan, er det generelt vanskeleg å få dispensasjon til bruksendring til bustadføremål.

Bygtekniske krav

Ved søknadspliktige tiltak på eksisterande bygning vil gjeldande bygningstekniske krav kunne krevjast oppfylt for bygningen i den grad de er relevante for den nye bruken (pbl § 31-2). For bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad vil alle krav til heilårsbustad bli gjeldande.

Dei tekniske krava til heilårsbustad gjeld blant anna:

  • Energi, f.eks. isolasjon
  • Planløysing
  • Brann
  • Tilkomst

Tilkomst må vurderast med omsyn til utvida bruk. Er tilkomst frå privat veg, må det leggast fram skriftleg avtale med grunneigar der det går fram at tilkomsten gjelder bustad. Er det tilkomst frå offentleg veg, trengst det løyve til utvida bruk av avkøyrsle frå den aktuelle vegmyndigheit.

  • Vann. Det må kunne dokumenterast tilfredsstillande mengde og kvalitet på drikkevannet.
  • Avløp. Det er strengere krav for heilårsbustadar enn for fritidsbustadar, og anlegget må ha tilstrekkeleg kapasitet. 

Meir informasjon

Sjå òg:

 

Det vert elles vist til vedlagde informasjon

Kontakt

Anders Fagerstrøm Slåtten

Avdelingsingeniør
Telefon : 57 73 07 17
E-post : Send e-post