Reguleringsplanar

Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader.

Kommunestyret har ansvar for at det vert utarbeida reguleringsplan for dei områda i kommunen der dette følger av loven eller av kommuneplanen sin arealdel, samt der det elles er behov for å sikre forsvarleg planavklaring og gjennomføring av bygge- og anleggstiltak, fleirbruk og vern i forhold til berørte private og offentlege interesser.

Reguleringsplan kan bli utarbeida som områderegulering, jf. plan- og bygningslova § 12-2, eller detaljregulering, jf. § 12-3.

Ta kontakt med kommunen for opplysningar om gjeldande planar for din eigendom.

 

 

Publisert av Jeroen van Gangelen. Sist endra 18.11.2015 09:19
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Kjersti Sande Tveit

Plan- og miljøvernleiar
Telefon : 57 73 07 08
E-post : Send e-post