Deling av eigedom
Ynskjer du å dele eigedomen din/skilje ut ei tomt må det søkast om løyve til oppretting av eigedom
Det er grunneigar/ heimelshavar som søkjer kommunen om løyve til deling.
Følgjande må sendast kommunen:
-
Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning / søknad om deling av grunneigedom, signert av grunneigar.
> Skjema for søknad deling av grunneigedom
-
Naboar og gjenbuarar må varslast. Naboliste kan tingast frå kommunen. Kvittering for nabovarsel og opplysningar gjeve i nabovarsel må leggjast ved søknaden. Skjema finn du her: http://www.dibk.no/no/BYGGEREGLER/Byggesoknader/Byggesaksblanketter/
-
Situasjonskart i målestokk 1:1000 som viser plassering av den omsøkte tomta.
Gå til kartportalen for å skrive ut eit kartutsnitt.
-
Avkøyrsleløyve frå Statens vegvesen dersom tomten skal ha avkøyrsle frå fylkesveg/riksveg.
-
Eventuelle nabomerknader med kommentarar frå søkjar.
-
Eventuell søknad om dispensasjon. Ved søknad om deling av tomt som ikkje er i samsvar med arealplan, må det også søkjast dispensasjon. NB Ved nabovarsling må det merkast at søknaden også treng dispensjon.
I tillegg må søknaden innehalde:
-
Dersom det er behov for vegrett, må vegen teiknast inn på situasjonskartet.
-
Dersom eigedomen treng ny avkøyrsle frå offentleg veg, må denne markerast på situasjonskartet.
-
Avtale om retten til tilkopling til private vass- og avlaupsleidningar må leggast ved dersom dette er aktuelt.
Publisert av
Liss Merete Lien.
Sist endra 16.11.2015