Samanføying av eigedomar

Fleire eigedomar som har same eigar og som vert nytta som ei eining, kan samanføyast til ein eigedom. Den samanslåtte eigedomen bør bli eit samanhengande areal.

Skjema for krav om samanslåing finn du ved å klikke her:

http://www.statkart.no/Documents/Matrikkel/blanketter/Krav_om_sammenslaaingNN.pdf

 

Vilkår:

  1. Før kravet vert handsama må det vere underskrive av den som har grunnboksheimel, jf. matrikkellova § 18.
  2. Om det er hefte på nokre av eigedomane, må det ordnast opp i dette før samanslåing kan gjennomførast, jf. matrikkelforskriften § 43, åttande ledd. Opplysninger om hefte m.v. kan ein få ved å ta kontakt med Kartverket si tinglysingsavdeling, tinglysning.no
  3. Saman med kravet skal det følgje: kart over eigedomane samanslåinga gjeld, stadfesting på at eventuelle heimelhavarar til bruksrettar er varsla, andre dokument som er naudsynt forå få tinglyst samanslåinga, jf. matrikkelforskriften § 43, fyrste ledd.
Publisert av Liss Merete Lien. Sist endra 18.12.2014
Fann du det du leitte etter?