Arealoverføring

Ved arealoverføring kan areal eller volum overførast mellom tilgrensande eigedomar utan at arealet vert opprettet som eigen eigedom.

 

Arealoverføring opnar for å overføre større areale mellom to eller fleire eigedomar, enn kva som er mogleg ved grensejustering. Eigedomane skal utgjere eit samanhengende areal eller volum med det overførte arealet eller volumet. Arealoverføring er søknadspliktig etter plan- og bygningslova og etter jordlova (gjeld landbrukseigedomar). 

Kva må sendast til kommunen:

  1. Skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning/søknad om deling, kryssa av for arealoverføring og signert av heimelshavarane for begge eigedomane.
  2. Situasjonskart i målestokk 1:500 eller 1:1000 som syner kva areal som skal overførast.
  3. Gjenpart av nabovarsel
  4. Erklæring om arealoverføring (kjøpesum og verdi må framgå av erklæringa for berkening av dokumentavgift. 
  5. Evt erklæring frå pantehavar om pantefråfall

Konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfritak eller dokumentasjon på at det ikkje er naudsynt med erklæring om konsesjonsfritak etter konsesjonsloven.

Vilkårfor samanføying av eigedomar på vere tilstades.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post