Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Utskriving av eigedomsskatt 2020

Klikk for stort bileteEigedomsskattelistene for 2020 ligg ute til offentleg ettersyn i 3 veker på rådhuset i Askvoll og på kommunen sine heimesider

I samsvar med eigedomsskattelova § 14 og 15 og § 6-2 og § 6-3 i Askvoll kommune sine eigedomsskattevedtekter, vert eigedomsskattelistene lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker.

Eigedomsskattelista vil ligge i resepsjonen i Askvoll kommune og på Askvoll kommune si heimeside.


Her kan du sjå skattelista:

Klageadgang

Eigar kan klage på grunnlag for eigedomsskatt kvart år dersom det ikkje har vore klaga på same grunnlag tidlegare år. Dette fylgjer av eigedomsskattelova §19.

Ei eventuell klage sendast til Askvoll kommune, eigedomsskattekontoret, PB 174, 6988 Askvoll, eller pr. e-post: eskatt@askvoll.kommune.no.

Frist for klage for skatteåret 2020 er 15.03.2020

Dersom du har spørsmål om eller klage på formuesgrunnlag så må du ta kontakt med skatteetaten på telefon 800 80000. Sjå denne artikkel for meir info om endring av formuesgrunnlag.