Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Eigedomsskatt i Askvoll kommune

Klikk for stort bileteKommunestyret har vedteke å innføre eigedomskatt på alle faste eigedomar i heile kommunen frå 2015.

Eigedomsskatt er den einaste skatten som kommunen har full råderett over og som i sin heilheit går til kommunen.Sjå lenker for meir informasjon.

For skatteåret 2020 har kommunestyret vedteke at næringseigedomar vert skattlagt med 4 promille, andre eigedomar vert skattlagt med 3 promille.

Spørsmål og kommentarar i høve innføring av eigedomsskatt, kan sendast i e-post
til eskatt@askvoll.kommune.no eller i brev til:

Askvoll kommune
v/ Eigedomsskattekontoret,
Pb 174
6988 Askvoll


Du kan òg nå oss på telefon 577 30 711 / 577 30 700.

For informasjon eller klage på likningsverdi/ formuesgrunnlag – ta kontakt med skatteetaten:
Tlfnr: 800 80000 eller på www.skatteetaten.no

Eigedomsskattelistene for 2020 ligg ute til offentleg ettersyn i 3 veker på rådhuset i Askvoll og på kommunen sine heimesider

 

 

 

Alden.

Eigedomsskattelistene for 2019 ligg ute til offentleg ettersyn i 3 veker på rådhuset i Askvoll og på kommunen sine heimesider

Eigedomsskattelova:

§ 7.Kommunestyret kan fritaka desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:
a)  Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten.
b)  Bygning som har historisk verde.
c)  Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære.  Fritaket kan gjelde i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig.  Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i kommunelova §10, kan få fullmakt til å avgjere einskildsaker om skattefritak.
d)  Bygning og grunn i visse luter av kommunen.

Dette innformasjonsskrivet er sendt alle grunneigarar i Askvoll kommune 

Kontakt

Rådmannskontoret

$(TITTEL)
Telefon : 57 73 07 00
E-post : Send e-post