Høyring: framlegg til adresseforskrift

Sjå deg ikkje attende  - Klikk for stort bilete

Kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad skal starte opp prosjektet med overgang frå matrikkeladresser (gards- og bruksnummer) til vegadresser

 

Det er sett av midlar på investeringsbudsjettet for 2015 og 2016 til gjennomføring av prosjektet. Vi er no i fase 1 av prosjektet, som går ut på å få på plass det rettslege grunnlaget. Oppdeling i adresseparsellar og tildeling av vegnamn og -nummer skjer i fase 2 av prosjektet.

Adresseprosjektet Askvoll, Fjaler og Hyllestad legg framlegg til felles lokal adresseforskrift for dei 3 kommunane ut til høyring. Dette med heimel i matrikkellova § 21.

Høyringsfristen er sett til 10. juli med bakgrunn i at utkastet har vore på ei førebels høyring  til dei viktigaste adressebrukarane.

Framlegg til adresseforskrift og baksgrunnsinformasjon finn du her:

Dokumenta er og å finne på rådhuset i Askvoll.

Merknader kan sendast seinast 10. juli til Askvoll kommune, pb. 174, 6988 Askvoll, på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no eller direkte til kommunane sin felles rådgjevar: Torbjørn Trageton på e-post trageton@online.no

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post