Adressetildeling

Innføring av vegadresser og husnummer - generell informasjon

Kommunestyra i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund har vedteke at det skal tildelast offisielle vegadresser. Det er mange og store fordelar med presise adresser, både ved utrykking, distribusjon og anna offentleg og privat tenesteyting 

Skiltstolpe i Bulandet, stadnamn og "aktivitetar". - Klikk for stort bileteAdressenamnvedtak

Formannskapet i Askvoll kommune har 30.05.16 og 29.06.16 vedteke namn og skrivemåte for namna på adresseparsellane i kommunen.

Nokre adressenamn er påklagd, og det er reist namnesak på desse som framleis pågår.

Kommunal namnenemnd

Komité for oppvekst og kultur er oppnemnd som kommunal namnemnda som skal gje tilråding til formannskapet i alle stadnamnsaker der kommunen er vedtaksmynde. Bygg- og eigdomssjefen sekretær for nemnda.

Adressetildeling

Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal den som er registrert eigar eller festar informerast og få høve til å uttale seg. Kommunen tildeler adresse eller endrar adresse når det er nødvendig og seinast saman med igangsetjingløyve for byggjetiltaket.

Det er kommunen som avgjer adressenamnet. Skrivemåten blir fastsett etter reglane i lov om stadnamn. Adressa skal om mogleg knyttast til den vegen eller gata eigedommen har godkjend tilkomst frå.

Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ei anna gate enn tidlegare.

Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemd. Kommunen kan òg tilleggje andre eigedommar eller lokale offisiell adresse dersom det er føremålstenleg. For eksempel kan kommunen tildele eller endre adresse

  • når ein skal endre tilkomstvegar
  • når ein skal oppføre nye bygg
  • når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse

Bestilling av adressenummerskilt

Askvoll kommune tilbyr å skaffa adressenummerskilt med den kvalitet som er fastsett i forskrift for slike skilt.

Prisen kr 270,- per skilt er lik for alle ubunde av tal siffer på skiltet. Dersom nokon ynskjer skiltet tilsendt, kjem frakt i tillegg til prisen.

Skilta kan hentast på rådhuset når ein får melding om at skilta er komne.

Bestilling av skilt kan skje på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no eller vanleg post med skjema som ein fekk i adressetildelingsbrev.

Fristen for bestilling er 1. april.

Ein kan óg bestille skilt hjå Askvoll Skiltgravering.

Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål rundt innføring av vegadresser og husnummer >

Publisert 13.02.2017

No startar tildeling av vegadresser til adresseeiningane i kommunen.   

Publisert 21.09.2016

Kartverket har etter § 5 i Lov om stadnamn oppretta namnesak for 10 stadnamn i Askvoll kommune og ber kommunen legge saka ut på høyring. Høyringsfrist er 13. oktober.

Publisert 08.07.2016
Skiltstolpe i Bulandet, stadnamn og "aktivitetar".

Formannskapet i Askvoll kommune har 30.05.16 og 29.06.16 vedteke namn og skrivemåte for namna på adresseparsellane i kommunen (lagt ut på høyring 02.04.2016)

 

Publisert 18.11.2015

Kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad skal starte opp prosjektet med overgang frå matrikkeladresser (gards- og bruksnummer) til vegadresser

 

Publisert 22.10.2015
Askvoll sentrum sommaren 2012.

Med heimel i matrikkelova § 21 og sentral og lokal adresseforskrift vert utkast til adresseplan for Askvoll kommunen lagt ut til høyring.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post