Adressetildeling

Innføring av vegadresser og husnummer - generell informasjon

Kommunestyra i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund har vedteke at det skal tildelast offisielle vegadresser. Det er mange og store fordelar med presise adresser, både ved utrykking, distribusjon og anna offentleg og privat tenesteyting 

Skiltstolpe i Bulandet, stadnamn og "aktivitetar". - Klikk for stort bileteAdressenamnvedtak

Formannskapet i Askvoll kommune har 30.05.16 og 29.06.16 vedteke namn og skrivemåte for namna på adresseparsellane i kommunen.

Nokre adressenamn er påklagd, og det er reist namnesak på desse som framleis pågår.

Kommunal namnenemnd

Komité for oppvekst og kultur er oppnemnd som kommunal namnemnda som skal gje tilråding til formannskapet i alle stadnamnsaker der kommunen er vedtaksmynde. Bygg- og eigdomssjefen sekretær for nemnda.

Adressetildeling

Før kommunen tildeler eller endrar vegadresse, skal den som er registrert eigar eller festar informerast og få høve til å uttale seg. Kommunen tildeler adresse eller endrar adresse når det er nødvendig og seinast saman med igangsetjingløyve for byggjetiltaket.

Det er kommunen som avgjer adressenamnet. Skrivemåten blir fastsett etter reglane i lov om stadnamn. Adressa skal om mogleg knyttast til den vegen eller gata eigedommen har godkjend tilkomst frå.

Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ei anna gate enn tidlegare.

Offisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til bustad- eller fritidsføremål, til næringsverksemd eller til offentleg eller publikumsretta verksemd. Kommunen kan òg tilleggje andre eigedommar eller lokale offisiell adresse dersom det er føremålstenleg. For eksempel kan kommunen tildele eller endre adresse

  • når ein skal endre tilkomstvegar
  • når ein skal oppføre nye bygg
  • når det er vanskeleg å finne fram til ei adresse

Bestilling av adressenummerskilt

Askvoll kommune tilbyr å skaffa adressenummerskilt med den kvalitet som er fastsett i forskrift for slike skilt.

Prisen kr 270,- per skilt er lik for alle ubunde av tal siffer på skiltet. Dersom nokon ynskjer skiltet tilsendt, kjem frakt i tillegg til prisen.

Skilta kan hentast på rådhuset når ein får melding om at skilta er komne.

Bestilling av skilt kan skje på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no eller vanleg post med skjema som ein fekk i adressetildelingsbrev.

Fristen for bestilling er 1. april.

Ein kan óg bestille skilt hjå Askvoll Skiltgravering.

Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på ofte stilte spørsmål rundt innføring av vegadresser og husnummer >

Publisert 29.03.2019

 

Alle i kommunen har no fått tildelt vegadresse og husnummer. Dei som ynskjer det kan bestille nummerskilt til huset innan 1. april

Publisert 19.02.2018

Utkast til nummerering av dei siste 4 adresseparsellane vert med dette lagt ut på høyring 

Publisert 14.01.2018

Utkast til nummerering av 8 adresseparsellar vert med dette lagt ut på høyring 

Publisert 27.11.2017
Kveldssol over Atløy, vinteren 2008.

Kartverket har etter § 5 i lov om stadnamn oppretta namnesak for 5 stadnamn i Askvoll kommune og ber kommunen legge saka ut på høyring. Høyringsfrist er 3. januar 2018. 

Publisert 28.09.2017

Kartverket har klaga på skrivemåten til nokre av vegnamna som kommunen vedtok i sak FOR 082/16 og som vart kunngjort 09.07.2016.  

Publisert 28.08.2017

Utkast til nummerering av 12 adresseparsellar vert med dette lagt ut på høyring.  

Publisert 29.06.2017

Forslag til nummerering av 8 nye adresseparsellar er no klar og vert lagt ut på høyring 

Publisert 02.06.2017

Forslag til nummerering av 11 nye adresseparsellar er no klar og vert lagt ut på høyring.

 

 

Publisert 11.05.2017

Forslag til nummerering for 4 nye adresseparsellar er no klar og vert lagt ut på høyring.  

Publisert 10.04.2017

Arbeidet med tildeling av vegadresser til adresseeiningane i kommunen fortsetter.  

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Liss Lien

Bygg- og eigedomssjef
Telefon : 57 73 07 33
E-post : Send e-post