Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Følgjekort for funksjonshemma

Har du ein langvarig funksjonshemning kan du søkje om følgjekort.

 

Kva er følgjekort?

Følgjekortet skal gje din følgjeperson gratis eller rabattert tilgang til ein del fritids- og kulturarrangement over store deler av landet. Følgjekortet er eit kort med namn og bilete som fortel at vedkommande er avhengig av å ha med seg følgjeperson.

 

Korleis kan du søkje?

Du må bu i kommunen for å kunne søkje, og søknaden må være skriftleg. I tillegg må din lege fylle ut ei legeerklæring, og eit passfoto må leggjast ved søknaden. Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande. Du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.

 

Gå til søknadskjema > (PDF, 30 kB)

 

Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.

 

Søknaden skal du sende til:


Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll

 

Kvar kan du nytte følgjekortet?

Ei rekkje institusjonar og arrangørar tilbyr gratis inngang eller billett til nedsett pris til følgjepersonen, mot at den funksjonshemma framviser følgjekortet. Ordninga sitt bruksområde er under stadig utviding.

Trykk her for å sjå informasjon om gyldige institusjonar og arrangørar i Førde Kommune. (PDF, 42 kB)  

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post

 

Håvard Yndestad

Sosialkonsulent
Telefon : 57 73 45 13
Mobil : 91 13 59 69
E-post : Send e-post