Praktisk bistand i heimen (heimehjelp)

Praktisk bistand er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål i heimen.

 

Kva kan du få hjelp til?

Heimehjelp kan omfatte reingjering av rom som er i dagleg bruk, skifte av sengetøy, vask av klede i vaskemaskin, innkjøp av matvarer. Klarer du ikkje slike praktiske gjeremål kan du søkje om heimehjelp.
 

Korleis kan du søkje?

For å kunne søkje på tenesta må du bu eller opphalde deg i kommunen. Søknaden må være skriftleg. Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande, og det blir i samband med dette gjort eit heimebesøk fo kartlegging av din livssituasjon. Du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.
 

Gå til søknadsskjema >
 

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)
 

Søknaden skal du sende til:

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll
 

Praktisk bistand inkluderer ikkje:

  • Stryking av klede
  • Reingjering av område over "skulderhøgd", eller av rom som ikkje er i bruk
  • Opplæring til hushald
  • Hagearbeid
  • Nedvask
  • Baking
  • Rydding og vasking etter friske pårørande eller besøkjande
  • Hjelp til kjæledyrhald.
  • Flytting av bossdunkar i fellesareal
  • Frakting av boss til bossfylling
  • Gjere i stand til høgtider
  • Flytting av møblar
     

Kva kostar det?

Det er eigenandel på heimehjelp/praksisk bistand. Dette er regulert etter inntekt i husstaden. Satsane er fastsett av kommunestyret.

Satsane ser du her: Betalingssatsar/eigenandel (DOC, 43 kB)

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post

 

Lillian Vårdal

Seksjonsleiar, Heimetenester
Telefon : 57 73 45 08
E-post : Send e-post