Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

HAFS Barnevernteneste

HAFS Barnevernteneste har ansvar for barneverntenester i kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

Vi har hovudkontor i Fjalerhuset i Dale, og har ikkje faste kontordagar i nokon av kommunane. Vi møter brukarar og samarbeidspartar ute i kvar av kommunane etter behov.

Her finn du meir om tenestene våre, tilsette, ofte stilte spørsmål og nyttige linkar

Postadresse:

HAFS Barnevernteneste
Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord

Melding til barneverntenesta

Offentleg tilsette skal av eige tiltak, utan hinder av teieplikta, gje opplysningar til barneverntenesta når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse eller utvikling. Offentleg tilsette må sende skriftleg melding til barneverntensta. I nokre tilfelle vil det og vere aktuelt med ein søknad om tiltak. Private, t.d. familie, vener og naboar, kan og melde bekymring til barneverntenesta.

Skjema for melding til barneverntenesta

Barneverntenesta skal snarast, og seinast innan ei veke, gjennomgå innkome meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar. Undersøking skal starte opp dersom det er rimeleg grunn til å tru at det er behov for hjelpetiltak. Meldinga skal leggjast bort dersom den er openbar grunnlaus og/eller dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte.

Krisesituasjonar - her kan du ringe


Vaktordning for barnevern utanom kontortid: 474 57 272


Vaktordninga er felles for kommunane Sunnfjord, Kinn, Bremanger, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

I krisesituasjonar kan du også ringe Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (gratis) som er ein naudtelefon for barn og unge.

Informasjon om barnevernet i Noreg finn du også på nettstaden til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet www.bufdir.no/barnevern.

 

 

 

Kontakt

HAFS interkommunale barnevernteneste

Barnevern
Telefon : +47 57 73 80 00
E-post : Send e-post