Folkehelse

Revebjelle er fylkesblomen i Sogn og Fjordane. - Klikk for stort bilete

 

Helse er meir enn fråvær av sjukdom. Positive faktorar som fremjar trivsel, meistring og livskvalitet, er viktig for ei positiv utvikling av helsa. Dette kan til dømes være utforming av det fysiske miljøet, grøntområde, varierte fritidstilbod alle kan finne seg til rette i og gode bu-, oppvekst- og arbeidsmiljø. Folkehelsearbeid i kommunen foregår i alle sektorar, og det vert kontinuerleg jobba for å sikre at kommunen utviklar seg i gunstig retning for innbyggjarane.

Mål for folkehelsearbeidet

Gjennom det nasjonale folkehelseprogrammet er målet også i Askvoll eit aktivt folkehelsearbeid med samarbeid på tvers av fagleg organisatoriske grenser. Askvoll kommune skal være ein god og trygg stad for alle fasar av livet og i alle livssituasjonar.

Satsingsområda for folkehelsearbeidet regionalt er gode bu- og nærmiljø, eit helsefremjande oppvekstmiljø i heim, barnehage og skule, trivselsfremjande fritid og eit helsefremjande arbeidsliv. Samtidig er det viktig at folkehelseperspektivet vert implementert i planarbeidet, både samfunns-, areal-, og økonomiplanar.

Folkehelseoversikt i Askvoll kommune

Kommunar og fylkeskommunar skal ha løpande oversikt over folkehelsa og utarbeide eit oversiktsdokument som kvart fjerde år skal liggje til grunn for det langsiktige folkehelsearbeidet. Oversiktsdokumentet skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunal og regional planstrategi. Kommunen er nå i gang med revisjon av oversiktsdokumentet som er planlagt ferdig for i november 2019.

For hjelp til oversiktarbeidet publiserar Folkehelseinstituttet årleg ein folkehelseprofil for kommunane. Folkehelseprofilen nyttar seg av eksisterande statistikk for utvalde faktorar som har med folkehelse å gjere og er god på den måten at ein raskt kan samanlikne tal frå Askvoll med gjennomsnittet for fylket og for landet elles. Men profilen seier ikkje noko om årsaker og konsekvensar, ei heller noko om lokale tilhøve. Nokre tema i profilen går att frå år til år, medan andre er nye.

Folkehelseprofil for Askvoll kommune 2019 finn du her.

Interkommunalt samarbeid

Førebygging av helseskadelege faktorar er prioriterte oppgåver. Askvoll kommune er med i eit interkommunale samarbeid med ti andre kommunar som skal bidra til å oppfylle vårt ansvar til innbyggarane i høve til miljøretta helsevern, smittevern og førebyggande samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse. På nettsida til Folkehelseavdelinga i Flora kommune, som er er vertskommune, er mykje informasjon knytt til dette gjort tilgjengeleg. 

Viktige samarbeidspartar utanom kommuneorganisasjonen er frivillige organisasjonar, næringsliv og statlege organ.

Organisering og kontoradresse

Folkehelsearbeidet er organisert under rådmannen sin stabsfunksjon og folkehelsekoordinator har kontor på Askvoll rådhus, 1. etg, og er tilgjengeleg onsdagar og torsdagar.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Arve Åsnes

Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
Telefon : 57730727
Mobil : 41553275
E-post : Send e-post