Omsorg- og trygdebustad

Klikk for stort bileteOmsorgsbustad er ein tilrettelagt bustad som er eigd og vert leigd ut av Askvoll Kommune  

For å kunne søkje om omsorgsbustad, må du bu i kommunen, og du må sende ein skriftleg søknad. 

Gå til søknadskjema

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)

Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande og du vil komme i kontakt med sakshandsamar innan tre veker. 

Bustaden

  • Bustaden er tilpassa funksjonshemma og tilrettelagt for at bebuar skal kunne motta heildøgns omsorg.
  • Bustaden er bebuaren sin eigen heim, og heimetenester må søkjast og tildelast etter same vilkår som for andre heimebuande. 

 

Målgruppe

  • Pleietrengande eldre og funksjonshemma

Vilkår

  • Søkjar må ha behov for heimesjukepleie / heimehjelp
  • Søkjar må ha eit særleg stort hjelpebehov og / eller ha spesielt nytte av nærleik til institusjonen, no eller i nær fremtid
  • Søkjar bør kunne bruke tryggleiksalarm
  • Søkjar må sjølv ønskje omsorgsbustad
  • Det må vere ledig omsorgsbustad i kommunen
  • Før omsorgsbustad vert innvilga, vert det prøvd ut med tenester i heimen
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post