Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Heimehjelp (praktisk bistand)

Praktisk bistand er eit tilbod til deg som grunna sjukdom og nedsett helse treng praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål i heimen. 

Kva kan du få hjelp til?

Heimehjelp kan omfatte reingjering av rom som er i dagleg bruk, skifte av sengetøy, vask av klede i vaskemaskin, innkjøp av matvarer. Klarer du ikkje slike praktiske gjeremål kan du søkje om heimehjelp.
 

Korleis kan du søkje?

For å kunne søkje på tenesta må du bu eller opphalde deg i kommunen. Søknaden må være skriftleg. Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande, og det blir i samband med dette gjort eit heimebesøk fo kartlegging av din livssituasjon. Du vil kome i kontakt med sakshandsamar innan tre veker.
 

Gå til søknadsskjema >
 

Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt og levere den med søknaden (PDF, 28 kB)
 

Søknaden skal du sende til:

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll
 

Praktisk bistand inkluderer ikkje:

  • Stryking av klede
  • Reingjering av område over "skulderhøgd", eller av rom som ikkje er i bruk
  • Opplæring til hushald
  • Hagearbeid
  • Nedvask
  • Baking
  • Rydding og vasking etter friske pårørande eller besøkjande
  • Hjelp til kjæledyrhald.
  • Flytting av bossdunkar i fellesareal
  • Frakting av boss til bossfylling
  • Gjere i stand til høgtider
  • Flytting av møblar
     

Kva kostar det?

Det er eigenandel på heimehjelp/praksisk bistand. Dette er regulert etter inntekt i husstaden. Satsane er fastsett av kommunestyret:

Satsar for praktisk bistand
Allmenn inntekt pr år Timesats pr mnd Abbonement pr mnd Merknadar
Inntil 2 G - kr. 199 716,- Ingen timesats Kr. 210,- Sats for abonnement inntil 2 G, skjer etter dei til ei kvar tid gjeldande lover/føresegner som vert fastsett av Helse- og omsorgsdepartementet.
Frå 2 til 3 G - inntil kr. 299 574,- Kr. 223,- Kr. 1 253,- Dei som mottek hjelp ytt etter §4-2 som ikkje gjeld eigenomsorg betalar kr 223,- pr time til og med 5 timar. Frå og med 6 timar gjeld abonnement.
Frå 3 til 4 G - inntil kr. 399 432,- Kr. 247,- Kr. 1 872,- Dei som mottek hjelp ytt etter §4-2 som ikkje gjeld eigenomsorg betalar kr 247,- pr time til og med 7 timar. Frå og med 8 timar gjeld abonnement.
Frå 4 til 5 G - inntil kr. 499 290,- Kr. 272,- Kr. 2 498,- Dei som mottek hjelp ytt etter §4-2 som ikkje gjeld eigenomsorg betalar kr 272,- pr time til og med 9 timar. Frå og med 10 timar gjeld abonnement.
Over 5 G - over kr. 499 290,- Kr. 297,- Kr. 3 121,- Dei som mottek hjelp ytt etter §4-2 som ikkje gjeld eigenomsorg betalar kr 297,- pr time til og med 10 timar. Frå og med 11 timar gjeld abonnement.

 

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post

 

Lillian Vårdal

Seksjonsleiar, Heimetenester
Telefon : 57 73 45 08
E-post : Send e-post