Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Hjelpemiddel i heimen

Lån av hjelpemiddel er eit tilbod til deg som grunna sjukdom eller nedsett helse treng hjelpemiddel for å greie daglege gjeremål og vere mest mogleg sjølvhjulpen. For å motta denne hjelpa, må du bu eller opphalde deg i kommunen.

 

Korttidslån

Dette er lån av enkle hjelpemiddel som krykker, toalettstol, badekarbrett m.m. Du kan låne for inntil 3 månader. Heimetenesta har lager og låner ut. Du treng ikkje søkje for å låne hjelpemiddel i ein kortare periode.


Langtidslån

Har du behov for hev- og senkbar seng, tilpassa bil, heis, døropnar eller liknande må du ta kontakt med fysio- og ergoterapitenesta i Askvoll kommune.

For å finne det rette hjelpemiddelet, kan fysioterapeutar og/eller ergoterapeuten hjelpe til med søknad som skal sendast til NAV Hjelpemiddelsentral i Førde. Du kan også søkje sjølv her:

Hjelpemidler og tilrettelegging - nav.no

Det er Askvoll Fysioterapi som har ansvar for utlevering og oppfølging av hjelpemiddel som du har fått lånt herfra


Kven kan du kontakte?

 

Kontakt

Telefon

Tidspunkt måndag- fredag

Korttidslån

Heimetenesta eller

fysioterapeutane: Anna Gudnersen og Agnieszka Swat.

97706825

08.00-15.00

Syn- og hørselshjelpemiddel

Heimetenesta ved May Britt Eimhjellen

97706825

08.00-15.00

Langtidslån

Fysioterapeut Anna Gundersen og Agnieszka Swat

97132746

97706850

08.00-15.00

Reparasjon/henting/montering

/utlevering av hjelpemiddel

Vaktmester Kjetel Kongshaug

Kjetel: 91302645

 

08.00-15.00

Kontakt

Agnieszka Swat

Kommunefysioterapeut
Telefon : 57 73 03 00
Mobil : 977 06 850
E-post : Send e-post