Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Tilrettelagt transport / dør til dør-kort

Har du ei funksjonshemming som fører til at du ikkje kan nytte kollektiv transport, så kan du søkje om dør til dør-kort (tilrettelagt transport).

 

Kva er eit dør til dør-kort?

Tenesta er eit tilbod om drosjetransport til personar som grunna varig funksjonshemming har store vanskar med å nytte ordinære kollektive transportmiddel. Kortet er eit tilskot for at du skal ha moglegheit til å ta del i aktivitetar i nærmiljøet. Kortet skal berre nyttast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapi, eller andre reiser som vert dekka av folketrygda. Kortet dekkjer ei viss mengde reiser, og du betalar ein eigenandel for kvar tur.

 

Korleis kan du søkje?

For å søkje på tenesta må du bu eller opphalde seg i kommunen. Søknaden må være skriftleg, og i tillegg må legen din fylle ut ei legeerklæring som skal leggast ved søknaden. Omsorgskontoret handsamar søknaden fortløpande, og du vil kome i kontakt med omsorgskontoret innan tre veker.

 

Gå til søknadskjema >

 

Får du ikkje opna skjema? Last ned programvare for lesing av PDF-filer på Adobe sine nettsider.

 

Søknaden skal du sende til:
 

Askvoll kommune
v/Omsorgskontoret
Prestemarka 11
6980 Askvoll

 

Relevant informasjon

Dør til dør-kort er ikkje ei lovpålagt teneste i kommunen. Kvar søknad blir handsama individuelt, og vurdert ut frå følgjande punkt:

  • Rullestolbrukarar, blinde og unge søkjarar med ein funksjonshemning blir prioritert.
  • Avstand i kilometer frå søkjar til kommunesenteret.
  • Grad av funksjonshemming og behov for bistand.

Kontakt

Askvollheimen - Omsorgskontoret

Administrasjon
Telefon : 57 73 45 00
E-post : Send e-post

 

Håvard Yndestad

Sosialkonsulent
Telefon : 57 73 45 13
Mobil : 91 13 59 69
E-post : Send e-post