Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Informasjon om barnehagar og skular

I tråd med Helsedirektoratet sine smitteverntiltak, har barnehagar og skular i Askvoll vore stengt frå 13. mars. 

Alle munnlege og skriftlege eksamener for grunnskulen er avlyst.

Barnehagane opnar att frå måndag 20. april, og 1. - 4. trinn i skulen og SFO frå 27. april.  Frå 11. mai opnar skulane også for elevane på 5. - 10. trinn.


 

Opning av barnehagar og skular - oppdatert 15. mai 2020

Barnehage

Barnehagane i Askvoll opna att frå måndag 20.april. Den første tida har barnehagane i kommunen tilbydd ei noko kortare dagleg opphaldstid enn vanleg.

På grunn av noko oppmjuking av dei nasjonale smittevernråda finn vi det forsvarleg å  utvide opphaldstida i barnehagane til full tid, 9 timar per dag, frå komande veke.

Å ivareta eit godt smittevern er krevjande, og drifta av barnehagane er sårbar, mellom anna om det vert sjukdom i personalet. For å førebyggje at einskilde barnehagar eventuelt på ny må redusere opphaldstida mellombels, oppmodar vi difor om at føresette som ikkje har trong for å nytte heile opphaldstida fullt ut om å gjere dette i samarbeid med den einskilde barnehage.

For meir informasjon sjå Smittevernveilder for barnehagar på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Gjenopning av skulane

Alle skulane i Askvoll er no opne for alle elevar. For å ivareta dei nasjonale smittevernråda vil nokre skular framleis måtte ha ein kombinasjon av opplæring heime og på skulen for nokre elevgrupper enno ei tid framover. Nærare informasjon om dette vert sendt ut til føresette og elevar frå dei skulane det gjeld.
 

Skuleskyssen i den første veka har gått greitt, men vi må framleis oppmode om at dei som kan finne andre løysingar for at elevane skal kome seg på skulen gjer dette. Transportørane er avhengige av at så mange som mogleg reiser på andre måtar, slik at ein sikrar kapasitet for dei elevane som ikkje har alternativ.

 

For meir informasjon sjå Smittevernveileder for 1.-7. årssteg på Utdanningsdirektoratet sine nettsider

For meir informasjon om nasjonale endringar i høve barnehage- og skuledrift, sjå oppdatert informasjon om koronasituasjonen på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.