Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Smitteverntiltak i Askvoll kommune

Kommunen har etablert beredskap i samband med utbrotet av koronavirus. Kommuneleiinga og smittevernlegen følger situasjonen og utviklinga tett. 

Tiltak som er vedtekne iverksett i Askvoll kommune:

  1. Askvollheimen vert delvis opna for besøkande frå og med fredag 29.5.20. Det er ikkje tillate med fleire enn to personar om gongen, og kvar bebuar kan maksimalt få besøk éin gong per dag. Alle besøk skal avtalast på telefon på førehand, og innendørs besøk skal føregå på rommet til bebuaren/pasienten.

    Meir informasjon om besøksrutinar finn du her.

    Spørsmål knytt til stenging kan rettast til Omsorgskontoret, tlf: 57 73 45 00.

  2. Gradvis gjenopning av rådhuset og NAV-kontoret i Askvoll. Her finn du meir informasjon med opningstider og kontaktinfo.

  3. Frå og med 5. juni 2020 kan støtte- og treningskontaktar gjenoppta aktivitet som før - inkludert bilturar - dersom brukarane sjølv ynskjer det. Kommunen oppmodar om at brukar sit i baksetet på høgre side, slik at ein kan halde god avstand.

  4. Stenging av barnehagar og skular i Askvoll kommune frå 12.03.2020 kl.18:00  i tråd med Helsedirekoratet sine smitteverntiltak. Dette gjeld òg Askvoll kulturskule.

    Regjeringa har bestemt at barnehagane kan opne frå 20. april og skulane vil opne for 1.–4. klassetrinn og skulefritidsordninga frå 27. april.  Frå veke 20 opnar alle skulane i Askvoll også for elevane på 5. - 10. årssteget.                                                                                                                                                       
    Her finn du meir informasjon om barnehagar og skular i Askvoll kommune 

    Frå og med 11. mai er Askvoll kulturskule tilbake i normal drift.

    Vi ventar framleis litt før vi kan starte opp att aktiviteten i Dans Utan Grenser.

  5. Stenging av offentleg symjebasseng frå og med 13.3.2020 inntil vidare

  6. Stenging av idrettshallen for alle arrangement frå og med 13.3.2020 inntil vidare

  7. Avlysing av alle klasseturar og arrangement i kommunen sin regi frå og med 13.3.2020 inntil vidare

  8. Samtale med alle reinhaldarar om ekstra hygienetiltak, reingjering av overflater som er brukt av mange og ofte, t.d. handtak, gelender, bord, toalett, vask og vasskranar

  9. Sende oppmoding til kyrkja, velforeiningar, samfunns- og grendahus, idrettslag og organisasjonar om å redusere aktiviteten inntil vidare

  10. Stans av alle frivillige aktivitetar og arrangement på sjukeheimen frå og med 13.3.2020

  11. Fortløpande vurdering av omrokkering av helsepersonell

  12. Avlyse reise til større møter, og reiseaktivitet, som skal gjennomførast på video og/eller telefon i staden

  13. Innleige av ekstra reinhaldspersonal på sjukeheimen og omsorgsbustadane inntil vidare

  14. Askvoll kommune, i samråd med retningsliner frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, ber alle som har vore i område med vedvarande spreiing av koronasmitte om å vere i heimekarentene i 14 dagar etter at ein kjem heim, sjølv om ein ikkje har symptom

  15. Stenging av Askvoll folkebibliotek frå og med 13.3. Frå 09. juni opnar dørene til biblioteket att.  Les meir om tilbodet ved biblioteket frå denne dagen.

  16. Dagsturhytta Nykshytta er stengt inntil vidare.