Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Om koronatesting

Det er no opna for testing for koronavirus av alle i befolkninga som har symptom på akutt luftvegsinfeksjon.
 

Testkriteria

Symptom som inngår i testkriteria er feber, hoste eller tung pust.

Askvoll kommune følgjer Folkehelseinstituttet sine kriteria for kven som skal testast for koronavirus.  

Tinging av time til koronatest

Ring legesenteret (tlf. 57 73 46 00) når du får luftvegsinfeksjon og har ein av symptoma nemnt over, eller dersom du skulle vere i tvil om du skal testast eller ikkje. Du må bestille time på førehand.

Testing skjer bak Askvoll legesenter i eigen bil eller på "luftvegsrommet" med eigen inngang.

På helg er det legevakta på telefon 116 117 som vurderer om ein skal testast med det same, eller om ein kan vente til første yrkesdag og verte testa lokalt.

Testresultat

Testar du positivt for koronavirus, tar kommunen kontakt med deg omgåande. Hugs å ta telefonen om eit ukjent nummer ringer.

Tester du negativt finn du prøvesvaret på helsenorge.no 1-3 dagar etter at du tok testen.

  • Har du barn under 16 år som har tatt testen, finn du prøvesvaret deira på helsenorge.no

  • Om du ikkje kan logge inn på helsenorge.no, kontakt fastlegen for å få prøvesvar.


Til deg som ventar på prøvesvar

  • Hovudregelen er at du som ventar på prøvesvar, skal halde deg heime til du har fått svar. Du skal ikkje gå på jobb eller skule, du skal ikkje ta offentleg transport eller oppsøke offentlege stadar, og du skal halde god avstand til alle andre enn dine nærmaste. Dine husstandsmedlemmar behøver ikkje å vere i karantene, heller ikke husstandsmedlemmar som jobber i helsetenesta.

  • Ved negativ test kan du gå tilbake på jobb/skule når du er i god allmenntilstand (det vil seie at du føler deg frisk og er feberfri), sjølv om du framleis har nokre symptom på luftvegsinfeksjon.

  • Dersom testen vart tatt utan at du har mistanke om at du har korona (det vil seie at du ikkje har symptom eller har vore direkte utsett for smitte) er det ikkje nødvendig å halde seg heime i påvente av prøvesvar. 
     

Koronasjekk.no

Koronasjekk.no er ei privat teneste, men innhaldet er levert av dyktige legar som følgjer Folkehelseinstituttet sin retningsliner.

Sjekk kva råd som gjeld for deg på koronasjekk.no


Meld frå ved mistanke om koronavirus

Dersom du i løpet av dei siste sju dagane har hatt symptom som kan skuldast koronavirus, vil Folkehelsehelseintituttet at du melder dette inn. Ved å melde frå, hjelper du med å kartlegge kor mange som kan vere sjuke med koronavirus i Norge.

Du kan melde frå på vegne av deg sjølv, ditt barn under 16 år, eller for ein som har gjeve deg fullmakt på Helsenorge.no.