Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Nasjonale råd og rettleiing

Her finn du oversikt over offentlege nettsider med informasjon om koronaviruset:

Folkehelseinstituttets nettsider fhi.no

Siste oppdaterte informasjon finn du alltid på folkehelseinstituttets nettside. Her finn du fakta, råd, informasjon om symptomar, inkubasjonstid, behandling, heimekarantene, heimeisolering, reiser, arrangement og forebyggande tiltak.

Helsenorge.no

Siste oppdaterte informasjon finn du på nettsida helsenorge.no. Her finn du fakta, råd og informasjon om symptomar, inkubasjonstid, behandling, reiser, arrangement og førebyggande tiltak.

Regjeringen.no

Regjeringa sin temaside om koronaviruset.

Helsedirektoratets informasjonstelefon 815 55 015

Finn du ikkje svar på spørsmålet ditt, kan du ringe Helsedirektoratet sin nasjonale informasjonstelefon på 815 55 015. Der får du svar på generelle spørsmål, som til dømes i kva område det føregår spreiing og kva symptom du skal vere merksam på.


Psykososial omsorg ved ein pandemi

Ressursside frå RVTS om psykososial ivaretaking ved ein pandemi. Målgruppa er personell med ansvar for å organisere, leie eller utøve psykososial ivaretaking i kommunar og andre offentleg verksemder.


Støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdom under koronapandemien

Vestland fylkeskommune opprettar ein støttetelefon, kor dei unge kan ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompetanse.

Støttetelefonen har nummer 51 20 71 21, og er open 12.00 - 18.00 måndag - fredag.

Meir informasjon om støttetelefonen (vestlandfylke.no)
 

Faktaark om falske nyhende

Falske nyhende kan i verste fall føre til mistillit mellom styresmaktene og innbyggjarane, med fare for at folk handlar i strid med viktige råd og retningsliner knytt til Covid-19-krisa.

DSB har i samarbeid med Medietilsynet, Politiets tryggleiksteneste (PST) og Politidirektoratet (POD) laga faktaarket "Slik avslører du falske nyheter". Føremålet er å auke evna som den enkelte av oss har til å avdekke falske nyhende og anna desinformasjon med potensiale til å skape mistillit til styresmaktene, media og vitskap.

Du kan lese meir på Fylkesmannen i Vestland sine nettsider.

Her kan du laste ned faktaarket:

 

Meir nyttig informasjon:

Koronavirus (covid-19)

Korleis kan du førebygge smitte?

Følg råda frå helsemyndigheita som kan førebygge smitte.

For å hindre smitte bør personar som er sjuke unngå å hoste eller nyse direkte på andre, og ein bør, når det er muleg, halde 1 meter avstand til personar med luftvegssymptom. Ein bør hoste/nyse i eit papirtørkle (kast etter bruk) eller i armkroken.

God handhygiene, både hos sjuke og friske, er viktig for å hindre smitteoverføring. Vask hendene ofte og grundig med såpe og lunka vatn, spesielt når du har vore ute blant folk. Handdesinfeksjon er eit godt alternativ dersom handvask ikkje er muleg. Dersom hendene er synlig skitne eller våte, har handdesinfeksjon redusert effekt, og hendene bør reingjerast med såpe og vatn.

Råd til personar i heimekarantene og heimeisolering

I tillegg til dei nasjonale karantenereglar, gjeld det eigne karantenereglar for Askvoll kommune.

Vi oppfordrar alle personar å følgje råda som gjeld for heimekarantene og ved utvikling av luftvegssymtom, råd for heimeisolering frå folkehelseinstituttet (fhi.no).

Definisjon av nærkontaktar til personar som har fått påvist covid-19

 

 

Område med stor spreiing av covid-19
Sjukeheim og smittevern mot koronasjukdom
Informasjon frå NAV om koronavirus (sjukmelding, omsorgspengar, permittering, m.m.)

Her finn du informasjon frå NAV i samband med koronaviruset (kontaktinformasjon, info om sjukmeldingar, rett til omsorgspengar, permittering, m.m.)

Arrangement og samlingar

Det er i forskrift vedteke forbod mot enkelte kultur- og idrettsarrangement mv. der personar fysisk møtast.

Du kan lese meir om dette på fhi.no:

Råd og informasjon til risikogrupper
Oppdatert informasjon frå Fylkesmannen i Vestland
Informasjonsplakat om korona som kan printast ut
Informasjonsfilm om koronavirus

Helsedirektoratet har laga ein informasjonsfilm om koronaviruset, spesielt retta mot barn og unge

Mange barn og unge har spørsmål om koronavirus. I YouTube-filmen: https://youtu.be/v1W249tl1vA får du svar på spørsmål som Hermine (13) stiller til Helen (lege i Helsedirektoratet).

Filmen gjev også nyttig informasjon til vaksne.