Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Korleis kjem eg i kontakt med kommunen?

Kommunehuset er stengt for publikum frå måndag 16.03.2020 kl. 8.00. Dette gjeld òg NAV Askvoll.  

Kontaktinformasjon kommunehuset i Askvoll.

Henvendelse i kommunen si opningstid, kl. 08.00 – 16.00

Treng du å komme i kontakt med legekontoret?

Kontaktinformasjon til NAV Askvoll

Stenging av kommunehuset betyr at NAV Askvoll òg er stengt for publikum frå måndag 16.03.2020. 

NAV Askvoll har oppretta eit eige direktenummer for økonomisk sosialhjelp som er tilgjengeleg frå kl. 09.00-15:00 måndag til fredag.

  • Direktenr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392
  • Ved andre henvendingar ringer du 555 53 333


Dei som har avtale om møte med NAV vil bli kontakta pr telefon eller via aktivitetsplanen. Nye møter blir halde pr telefon eller skype. Det vert mogeleg å avtale fysiske møter dersom det er heilt nødvendig.

Innbyggjarvarsling

Askvoll kommune nyttar innbyggjarvarsling på sms til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post i samband med koronavirusutbrotet.