Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Korleis kjem eg i kontakt med kommunen og NAV?

Rådhuset og NAV-kontoret i Askvoll opnar gradvis opp att for publikum.

Askvoll rådhus

Ekspedisjonen i 1.etasje er open for publikum på kvardagar mellom kl.09.00 - 14.00.

Dersom du veit kven du skal snakke med, oppmodar vi deg å gjere avtale med vedkommande i forkant ved å ringe tlf. 57 73 07 00 eller på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no.

Treng du å komme i kontakt med legekontoret?

NAV Askvoll

Frå 15.juni er NAV-kontoret i Askvoll ope for avtalar måndag til fredag frå kl.08.00 - 15.00.

For å få ein avtale gjer du følgjande:

  • Du som har ei sak hos oss tek direkte kontakt med rettleiaren din gjennom dialogmelding i aktivitetsplanen eller ring direktenummeret til rettleiaren din.
  • Andre ringer tlf. 55 55 33 33 eller skriv til oss på nav.no
  • Du kan òg legge ei melding i postkassen ved inngangen av kontoret, så kontaktar vi deg.  

Tysdag og torsdag kan du møte oss utan avtale mellom kl.12.00 - 14.00.

Har du spørsmål om økonomisk sosialhjelp og andre kommunale tenester, kan du ringe mob. 412 11 392.
 

Innbyggjarvarsling

Askvoll kommune nyttar innbyggjarvarsling på sms til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post i samband med koronavirusutbrotet.