Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Testing for koronavirus

Klikk for stort bileteDet er no opna for testing for koronavirus av alle i befolkninga som har symptom på akutt luftvegsinfeksjon.


 

Testkriteria

Symptom som inngår i testkriteria er feber, hoste eller tung pust.

Meir informasjon om testkriteria finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider.
 

Tinging av time til testing

Ring legesenteret (tlf. 57 73 46 00) når du får luftvegsinfeksjon og har ein av symptoma nemnt over, eller dersom du skulle vere i tvil om du skal testast eller ikkje. Alle treng time for testing.

Testing skjer bak legesenteret i eigen bil eller på "luftvegsrommet" med eigen inngang.