Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Kontakt med legekontor og helsestasjon

 

Rutiner for kontakt med legekontoret
 

Dersom du har time hos lege eller helsestasjon og:

  • er forkjøla, har luftvegssymptom som til dømes feber, hoste, pustevanskar, sår hals, influensaliknande symptom, eller 
  • bur i same husstand eller er partnar med nokon som har testa positivt med Koronaviruset

må du kontakte legekontoret eller helsestasjon per telefon og få ei risikovurdering FØR du møter på kontoret.

Mange vil få tilbud om telefonkonsultasjon hos lege i staden for oppmøte.  Legen vurderer då om du skal møte på time, evt. videokonsultasjon.
 

Dersom du har vore i nær kontakt (definisjon av nær kontakt - fhi.no) med ein person som har testa positivt for koronaviruset, og du sjølv utviklar ein akutt luftvegsinfeksjon med feber eller hoste eller tung pust i løpet av 14 dagar etter siste kontakten, ber vi deg ringe legekontoret for testing for koronaviruset.

 

Vi ber alle sitte i bilen sin til lege, jordmor eller helsesjukepleier ringer til deg og ber deg komme inn. Dersom du ikkje har bil å vente i, må du ikkje møte/komme inn før avtalt time. 
 

Skal du ta blodprøve, sårskift eller anna som hjelpepersonell skal hjelpe deg med må du ringe og avtale tidspunkt.

Telefonnummer til legekontoret er: 57 73 46 00.

 

Tilbod om videokonsultasjon

 

Alle legane ved kontoret kan no bruke videokonsultasjon. Du får tilsendt ein link om videokonsultasjon, på mobil eller e-post. Det er legen som avgjer om det er hensiktsmessig å tilby videokonsultasjon.

Her er tips for at kvaliteten på videokonsultasjonen skal bli god:

  • Finn ein roleg plass å sitje.
  • Bruk headset / hovudtelefonar dersom du har det.
  • Sitt der du har best nett (nær router, eller nær vindauget ved bruk av 4G)
  • Ikkje sit med ryggen mot vindauget eller anna sterkt lys. Då ser ikkje legen deg så godt.
  • Sig gjerne ved ein lampe dersom du skal vise fram noko, til dømes utslett.
  • Ikkje vær redd for å prøve. Ein videokonsultasjon vil gjere deg tryggare.
  • Kanskje må ein medhjelpar eller slektning hjelpe deg med sin telefon.
  • Du kan få helsehjelp utan å utsette deg for smitte eller smitte andre.
  • Dette er nytt for legane også, så vær tålmodig med oss dersom vi er litt klønete i starten.
  • Vi finn ut av dette saman. Vi lovar å gjere det beste vi kan!

Videokonsultasjon og telefonsamtale, som under vanleg drift hadde vore ein fysisk konsultasjon på legesenteret, kostar vanleg egenandel. Dette gjeld óg sjukmeldingar og forlenging av sjukmeldingar. Testing/behandling grunna mistanke om koronavirus er gratis.
 

Helsestasjon

Vi startar opp igjen med skulehelsetenesten og Helsestasjon for ungdom i tråd med nasjonale retningsliner for helsestasjon- og skulehelsetenesten i veke 19.

 

Helsesjukepleiar vil vere tilgjengeleg på skulene som før, til avtalte tider:

Askvoll skule: Ingunn Fonn Kvammen, telefon 57 73 33 05

Bulandet skule og Atløy skule:  Mona Rørstad ,telefon 91 63 77 05

 

Gjelsvik skule og Holmedal Montessoriskule: Margot Ryum, telefon 47 69 36 36.

Margot vil frå 5/5-20  og inntil vidare være tilgjengeleg på Askvoll helsestasjon pga smitteverntiltak

Ta kontakt ved spørsmål

 

Helsestasjon for ungdom vert opna opp fra 5/5-20. Ta kontakt pr telefon før du møter opp

Telefon: 91 63 77 05 /57 73 46 15

 

Vask/sprit hendene ved oppmøte på helsestasjonen

Bare ein voksen skal følge barnet. Søsken skal ikkje være med

Timar på helsestasjonen er spredd  for å unngå fleire på venterommet samtidig

Telefonnummer til helsestasjonen er: 57 73 46 15 og 916 37 705 (mobil)

 

Jordmor

Jordmor er tilbake på kontoret sitt ved helsestasjon frå veke 19.  Nasjonale retningslinjer og smitteverntiltak vert fulgt ved kontroller hos jordmor.

Den gravide skal møte åleine og sprite hendene ved oppmøte på helsestasjon.

Telefon 57 73 46 48, mobil 906 62 012.

Det er no opna for testing for koronavirus av alle i befolkninga som har symptom på akutt luftvegsinfeksjon.