Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Hjelpetelefonar: har du behov for å snakke med nokon?

I ein krisesituasjon som dette, kan det oppstå ekstra behov for å snakke med nokon om dette. På denne sida har vi laga ein oversikt over diverse hjelpetelefonar som ein kan ringe til for råd og hjelp.
 

Støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdom

Vestland fylkeskommune har oppretta ein støttetelefon, kor dei unge kan ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompentanse.

Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte

Hjelpetelefonen er eit døgnopen, landsdekkande gratis tilbod til seksuelt misbrukte barn og vaksne av begge kjønn, samt pårørande til seksuelt misbrukte. Hjelpeapparatet kan òg ringe denne telefontenesta for råd og rettleiing.


Psykososial omsorg ved ein pandemi

Ressursenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) har ei ressurside om psykososialt vern ved ein pandemi. Målgruppa er personell med ansvar for å organisere, leie eller utøve psykososialt vern i kommunar og andre offentlege verksemder.