Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Opphald på fritidseigedom i Askvoll

Klikk for stort bileteViktig informasjon for deg som har fritidseigedom i Askvoll kommune.

Forbod mot opphald på fritidseigedom utanfor eigen kommune

Askvoll kommune retter seg etter dei nasjonale retningslinene når det gjeld opphald på fritidseigedom. Regjeringa har 19.03.2020 iverksett forskrifta sin § 5 som forbyr opphald på hytter og fritidseigendommer utanfor eigen kommune. Karantene og isolasjon skal skje i heimen og ikkje på hytta.

Kommunen har ikkje adgang til å gje dispensasjon frå forbodet. Les meir om forbodet mot overnatting i fritidseigedom på regjeringa.no.

Personar som er i karantene skal altså opphalde seg i eigen heim. For personar som ikkje er i karantene, ber vi innstendig om at desse ikkje er på hyttene. Helsedirektoratet har bede oss vidareformidle følgjande,:


Av beredskapsmessige omsyn i Askvoll kommune ynskjer vi at alle retter seg etter dei nasjonale føringane med mindre dei utførar samfunnskritiske funksjonar for kommunen.
 

Bruksendring frå fritidsbustad til bustad

Kommunen mottar for tida mange førespurnader om bruksendring frå fridtidsbustad til bustad (sekundærbustad).

Her finn du meir informasjon om søknadsprosessen.

 

 

 

 















"Kjære hyttefolk, kjære innbyggjarane i Askvoll kommune