Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Besøksrutinar for sjukeheim og omsorgsbustader

Sjukeheimen opnar delvis for besøkande frå og med fredag 29.5.2020.

 

Etter nye anbefalingar frå Helsedirektoratet opnar Askvollheimen for at pårørande kan kome på innendørs besøk til pasientar og bebuarar, i tillegg til ute i hagen. Det er framleis restriksjonar og retningslinjer for dei besøkande, som gjeld både innen- og utendørs besøk:

  1. Det er ikkje tillate med fleire enn to personar om gongen.
  2. Kvar pasient/bebuar kan maksimalt få besøk ein gong per dag.
  3. Alle besøk skal avtalast per telefon på førehand. Ring til aktuell gruppe/avdeling før avreise. Personalet på gruppa vil då gå igjennom ei sjekkliste, og med utgangspunkt i spørsmåla i denne avgjere om besøket kan gjennomførast. Sjå kontaktinformasjon nedanfor.
  4. Innendørs besøk skal føregå på rommet til bebuaren, og besøkande skal gå direkte dit ved ankomst. Unngå fellesareal.
  5. Besøkande skal halde minimum 1 meters avstand til alle tilsette og bebuarar.
  6. Det vert ingen servering under besøk. Besøkande kan sjølve ta med mat/drikke, samt blomar/gåver. Her gjeld generelle råd ved handhygiene.
  7. Besøkande skal vaske hender ved ankomst og avreise.
     

Besøk til omsorgsbustader.

Det opnast for besøk i omsorgsbustadane. Kommunen oppmodar om å avgrense tal besøkande slik at dei generelle smittevernråda om å halde avstand vert følgt. Husk god handhygiene.


Smittesporing.

Ved eit eventuelt smitteutbrot i kommunen er det viktig å kunne spore smitten. Derfor vil personalet loggføre alle som besøker sjukeheimen med namn, telefonnummer, og kven ein har vore på besøk til. Dersom du får symptomar seinare, eller vert testa for Covid-19, er det svært viktig at du opplyser om at du har vore på besøk på sjukeheimen, eller i omsorgsbustad.
 

Telefonnummer til dei ulike gruppene er:

  • Gruppe Smia/Fløyen: 954 34 017

  • Gruppe Omsorg 2 (omsorgsbustader): 915 76 206

  • Gruppe Rask: 915 93 931

  • Gruppe Solstova: 974 77 193

  • Gruppe Kårstova: 959 78 455

  • Gruppe Omsorg 1 (omsorgsbustader): 916 37 010


Tiltaka vert fortløpande evaluert. Dersom smitterisikoen i kommunen aukar, kan det bli aktuelt å stenge heilt igjen.