Utstyr til friluftsliv og uteaktivitetar

Askvoll kommune har ein del utstyr som kan nyttast til friluftsliv og uteaktivitetar. No samlar vi dette i ein utstyrssentral ved Aktivitetssenteret i Askvoll. Utstyret kan leigast/lånast ut til frivillige lag og organisasjonar, skuleklassar, barnehagar, enkeltpersonar og grupper.

 

Retningslinjer

Kommunale aktørar og frivillige lag og organisasjonar kan låne utstyr gratis. For utstyr som krev vedlikehald, vask, rens o.l må alle som lånar slikt utstyr betale kostpris for dette. Kommersielle aktørar må betale leige for utstyret i tillegg.

Alle som låner utstyr pliktar å levere det inn att i same stand. Skader og øydelagt utstyr må erstattast.

Avtale om leige, henting og levering skal gjerast med Aktivitetssenteret i Askvoll, tlf 97 70 67 62, mellom 9.00 og 15.00 måndag - fredag. Under ferieavviklinga i juli kontakt kommunen på 57 73 07 00 for avtale.

Utstyr

  • Heilårslavvo - 2 stk
  • Lagstelt - 6 stk,
  • Partytelt 6 m x 12 m
  • Teltlykter
  • Flytevestar - 6 stk
  • Fiskestenger - 10 stk
  • Sniksnøre - 6 stk
  • Fiskesnøre
  • Krabbeteiner 6 stk
  • Knivsett 6 stk, filetkniv
  • Painballutstyr til 12 personar inkludert klede og støvlar (millitær)
  • Innebandyutstyr til 12 stk inkludert 2 mål
  • Badmintonsett 2 stk med nett
  • Gåvstavar 10 par
  • Skritteljar 10 stk
  • Kompass 10 stk
  • Hovudlykter 10 stk
  • Sitteunderlag
  • Stormkjøkken - 6 stk
  • Stativ til bål med gryte (9 liter ), kaffikjele, steikehelle, grillrist
  • Teleskopgrillspyd
  • Vaffeljern til bål
  • ABU røykeomn
  • Ståltermosar
  • Sammanleggbar vatnbehaldar 10 liter
  • Tursett kniv/sag/øks
  • Regnklede til 25 stk
  • Balanseline
  • Volleyballar
  • Fotballar
  • Soveposar 6 stk
  • Lakenposar 6 stk
  • Liggeunderlag 6 stk
  • Ullteppe 6 stk
  • Ryggsekker 6 stk
  • Førstehjelpsutstyr

Tips

Det er fleire lag og organisasjonar og bedrifter i kommunen som og er involvert i friluftsliv og uteaktivitetar:

Fann du det du leitte etter?