Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

NAV Askvoll har oppretta direkte tlfnr. for økonomisk sosialhjelp: 412 11 392 (man-fre frå kl.09-15)

 

Askvoll ungdomsråd

Askvoll kommune har sitt eige ungdomsråd som er ungdommen sitt øvste talerøyr, og arbeider for å fremje interessane og meiningane til ungdommen i kommunen vår.

 

Klikk for stort bilete

 

Askvoll ungdomsråd (AUR) er samansett av 11 medlemer fordelt på dei ulike ungdomsskulane i kommunen. Det er også med ungdom som går på vidaregåande skule. Rådet blir valt for to år.

Rådet skal gje opplæring i demokratisk arbeid og påverknad, og er også eit høyringsorgan i ungdomssaker. Det er partipolitisk uavhengig, og har møte og talerett både i komitear, formannskap og kommunestyre.
 

Innspel til saker?

Har du forslag til saker som AUR bør ta opp, kan du sende innspel til leiar, administrasjonen i kommunen eller på AUR si facebookside. Forslag til saker kan komme frå elevane via elevråda, enkeltpersonar eller frå administrasjonen i kommunen.

Politikarane er hjarteleg velkomne til å møte og snakke med ungdommane!
 

Medlemmer, møteplan og saker

 

 

 

Kontakt

Sofie Krumsvik

Leiar
E-post : Send e-post

 

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post