Dans Utan Grenser Askvoll

Danseverkstadane blei etablert av Dans Utan Grenser (DUG) i Sogn og Fjordane i 2006, og Askvoll har sidan hatt sin eigen danseverkstad.

Klikk for stort bileteDanseverkstad ideen

Modellen for Danseverkstaden er utvikla av Dans Utan Grenser i samarbeid med Helse og sosialdepartementet og Norsk kulturråd. Danseverkstaden vert driven av unge for unge.

"Ung til ung" formidling

Ungdomar blir gjennom opplæringsprogram kvalifisert til å bli instruktørar, på denne måten underviser unge andre unge. Instruktørane får ikkje lønn for arbeidet i form av pengar, men dei får ei kompetanseheving innan dans og formidling, og eit dansefagleg nettverk.

Desse står bak

Danseverkstaden er etablert i samarbeid med kommunen, fylkeskommunen sitt folkehelseprogram og Dans Utan Grenser.

Verdiar og haldningar

DUG jobbar mykje med verdiar og haldningar hjå dei som blir utdanna som instruktørar.

Dette vert formidla ut i danseverkstadane  opp mot elevane i danseverkstaden. Dans Utan Grenser skal vere "ein plass for alle" eit lågterskeltilbod. Det vert lagt stor vekt på at instruktøren skal «sjå» alle elevane og sørgje for at alle i elevgruppa blir inkludert.

Målet er at kvar einskild danseverkstad skal drive sin eigen aktivitet sjølvstendig i samarbeid med sin kommune.

 

Reglar og retningslinjer for Dans Utan Grenser Askvoll (PDF, 75 kB)

 

Søknadsskjema - Dans Utan Grenser Askvoll

Kontakt

Mats Systaddal

Kulturskulerektor
Telefon : 57730723
Mobil : 97460697
E-post : Send e-post