Basistilskot til ungdomsklubbar/frivillig ungdomsarbeid

Søknadsfrist for  basistilskot til ungdomsklubbar og frivillig ungdomsarbeid er 6. november 2018Lan-party i Rivedal - Klikk for stort bilete



Askvoll kommune set kvart år i budsjettet av ein sum pengar til driftstilskot til frivillige ungdomsklubbar/ungdomsarbeid i kommunen. For 2018 er det kr. 30.000,- til fordeling.

Krav til søkjar:
Ungdomsklubben må ha eit styre, ein leiar og ein eigen konto. Klubben må ha ein aktivitetsplan, føre enkel oversikt over aktivitetar og tal deltakarar gjennom året og rekneskap for drifta.

Krav til aktiviteten:
Aktiviteten i klubben skal vere open for alle. Eventuelle inngangbillettar/eigenandel må ikkje vere av slik storleik at nokon ekskluderast frå å vere med på grunn av økonomi.

Tilskotsordninga har årleg søknadsfrist i månadsskifte november/desember, og vert kunngjort på vår nettside og Askvoll kommune sin facebookside.

I 2018 er søknadsfristen 6.november 2018.

Gå til søknadsskjema >

Askvoll ungdomsråd handsamar søknadene, og fordeler tilskotet.

Fann du det du leitte etter?