Kulturskule

Klikk for stort bilete

Velkommen som elev i Askvoll kulturskule uansett alder, kjønn, etnisitet eller religiøs orientering!  

Visjonen vår:

Kulturskulen er ein viktig aktør som kan gjere Askvoll til ein meir attraktiv kommune å bu i. Vi skal vere ein rollemodell for utvikling, kvalitet og resultat på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

 

Målet vårt:

  • Askvoll Kulturskule vil arbeide aktivt for å auke interessa for kultur i kommunen.
  • Askvoll Kulturskule skal vere ein skule for alle. Vi skal tilby kvalitetstenester til både unge og vaksne, nybegynnarar og vidarekomne, og vi satsar på samspel mellom aktuelle kulturaktørar, profesjonelle, frivillige lag og organisasjonar og kulturskuleelevar og kulturskulelærarar.
  • Vi vil være eit ressurssenter for kultur og kulturaktivitetar i kommunen og på Vestlandet. Hovudmålet vårt er å utvikle og ivareta kunstnerisk og kulturell kompetanse. Til grunn for dette ligg eit heilskapssyn om at alle menneske har formsans og uttrykksbehov som kan utviklast gjennom opplæring.

 

 

Tilbodet:

For skuleåret 2019/20 vil vi m.a. gje tilbod om opplæring på piano/rytmisk piano, song, gitar/bass og slagverk i tillegg til band, musikkterapi og musikkverkstad m.m. 

Nye og spennande fag du kan melde deg på:

Musikk & Data (lage musikk på data)
Dans (Gjelsvik skule) - oppstart under føresetnad av nok påmelde

 

 

Påmelding:

Påmeldingsfristen for opptak til kulturskulen er 15.05., men du må gjerne søkje gjennom heile året.  Oppseiing av plass må skje innan 15.mai/15.november.

 

Til påmeldingsskjema

 

Betalingssatsar:

For tida kostar ein elevplass kr. 2.628,- pr. år (1.314,- pr semester). Sysken- og fleiraktivitetsmoderasjon vert sett til 25% for 2.barn/ aktivitet og 50% frå 3.

Betalingskrav vert delt i 2 og sendt ut før jul og før sommarferien.

Evt. instrumentleige er sett til kr. 510,- pr. år.

Sjå detaljerte betalingssatsar (PDF, 295 kB)

 

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Mats Systaddal

Kulturskulerektor
Telefon : 57730723
Mobil : 97460697
E-post : Send e-post