Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Ung i Askvoll-midlar

Askvoll ungdomsråd har ei eige tilskotsordning for ungdom heimehøyrande i Askvoll kommune.

Kven kan søkje?

Ungdom mellom 13 og 20 år frå Askvoll kommune kan søkje om støtte frå ordninga «Ung i Askvoll» til musikk, teater/film, kurs og fritidsaktivitetar etc.

Søknadsfrist og søknadsskjema

Søknad om tilskot frå Ung i Askvoll-midlar skal registrerast elektronisk innan 1.mai kvart år. I 2020 er fristen utsett til 1.oktober grunna koronapandemien. Tilskotsordninga vert lyst ut månadsskifte februar/mars. I 2020 har Askvoll ungdomsråd kr. 15.000 til fordeling.

Sakshandsaming

Askvoll ungdomsråd fordeler midlane. Søkjar får svar på søknaden innan 1.juli.

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post