Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Kulturmidlar

Søknadsfristen i 2020 er utsett til 1.oktober grunna koronapandemien.

Kven kan søkje?

Frivillige lag/organisasjonar og einskildpersonar heimehøyrande i kommunen, som lagar til aktivitetar innanfor tradisjonelt kulturarbeid (t.d. teater, musikk, dans, film), barne- og ungdomsarbeid, idretts- og andre fritidsaktivitetar, kan søkje støtte frå ordninga.

Søknadsfrist og søknadsskjema

Tilskotsordningar har søknadsfrist årleg den 1.mai, og vert lyst ut i månadsskifte februar/mars. I 2020 har Askvoll kommune kr. 70 000 til fordeling. kr. 50.000 av kulturmidlane vert fordelt på våren, og dei resterande kr. 20.000 vert lyst ut etter sommaren og kan søkjast på forløypande fram til midlane er fordelt.

Søknaden skal sendast inn elektronisk.

Sakshandsaming

Administrasjonen ved rådmannen fordeler midlane etter vedtekne retningsliner for ordninga.

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post