Koronaviruset

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Kontingentstøtte

Klikk for stort bilete
Askvoll kommune har innført ei ny tilskotsordning for idrettslag og andre frivillige organisasjonar.

Føremål

I 2020 er det sett av ein pott på kr. 20.000 som idrettslag og andre frivillige organisasjonar kan søkje tilskot frå om å få dekka manglande kontingentinnbetalingar frå medlemmer i målgruppa (barn og unge) som kan skuldast økonomiske vanskar.

Føremålet med tilskotsordninga er at den skal vere eit verkemiddel for lag og organisasjonar til å gje barn og unge (målgruppa) høve til deltaking og inkludering på viktige sosiale arenaer, som fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra sin inntekt og sosiale situasjon. Det er eit tiltak som skal vere med på å førebyggje og/eller dempe konsekvensar av fattigdom.
 

Søknadsfrist og søknadsskjema

Søknader om tilskot skal leverast elektronisk til Askvoll kommunen innan 1.juli 2020. (Merk at det i vedtekne retningsliner står ein annan søknadsfrist, men den gjeld frå 2021).

Søkjar skal sende inn oversikt over laget sine kontingentsatsar og rapport på tal manglande kontingentinnbetalingar for barn og unge i målgruppa og samla inntektstap for laget.
 

Kven kan søkje?

Frivillige lag og organisasjonar som har tapte inntekter knytt til manglande innbetaling av medlemskontingent og/eller treningsavgift frå barn og unge i målgruppa.

Tilskot vert ikkje prioritert til tiltak som er drive på forretningsmessig basis.

 

Retningsliner for ordninga

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post