Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Driftstilskot til ungdomsklubb

Askvoll kommune set kvart år i budsjettet av ein sum pengar til driftstilskot til frivillige ungdomsklubbar/ungdomsarbeid i kommunen. For 2020 er det kr. 50.000 til fordeling.

Kven kan søkje?

Ungdomsklubben må ha eit styre, ein leiar og ein eigen konto. Klubben må ha ein aktivitetsplan, føre enkel oversikt over aktivitetar og tal deltakarar gjennom året og rekneskap for drifta.

Aktiviteten i klubben skal vere open for alle. Eventuelle inngangbillettar/eigenandel må ikkje vere av slik storleik at nokon ekskluderast frå å vere med på grunn av økonomi.


Søknadsfrist og søknadsskjema

Tilskotsordninga har årleg søknadsfrist i månadsskifte november/desember, og vert kunngjort på vår nettside og Askvoll kommune sin facebookside. Søknaden skal leverast elektronisk.


Handsaming

Askvoll ungdomsråd handsamar søknadene, og fordeler tilskotet.
 

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post