Turforslag og kart

Sprek solhelsing på Brurastakken  - Klikk for stort bilete

I Askvoll kommune er det ei rekkje merka turstiar og vegar som vert nytta til turar og rekreasjon

 

Rast på Hålandstølen - fotograf: Per Arne Tveit  - Klikk for stort bilete

Kystarven

Kystarvprosjektet er eit felles HAFS-prosjekt som har gått ut på å merke, rydde og skilte 20 turstiar i kvar HAFS-kommune - 100 stiar totalt. Fleire av stiane går langs kulturlandskap som fortel ei særskilt historie om kystlandskapet vårt og om dei endringane som har vore i menneska sin bruk av landskapet. Gjennom Kystarvprosjektet ynskjer kommunane å ta vare på kystlandskapet gjennom ein berekraftig bruk, og å betre tilgangen til naturopplevingar for både lokale og tilreisande.

I samarbeid med grunneigarar og frivillige lag og organisasjonar har Askvoll kommune merka 20 turstiar og utarbeidd eit kommunalt turkart. Stiane / turvegane er merka etter retningslinjene for «Nasjonal standard for merking av turløyper». Turane varierer frå topptur på den høgste fjelltoppen i Ytre Sunnfjord, Blegja (1305m.), til rundturar langs sjøen i flott kystlandskap.  

< Skildring og bilete av kvar enkelt tur kan du lese her

Kor kan eg få tak i turkart?  

Det er kommuneadministrasjonen som står for sal og distribusjon av kartet. Vi sel kartet på rådhuset til kr. 150,-. I tillegg er kartet til sals på utvalde butikkar i kommunen.
Turkartet inneheld ei skildring av kvar enkelt tur og generell informasjon om kommunen.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Jeroen van Gangelen

Rådgjevar
Telefon : 57 73 07 05
E-post : Send e-post