Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

TiTur Dalsfjorden 2020

10.mai opnar vi for å registrere TiTur Dalsfjorden sine turar i DNT Sjekk UT - appen. Det er som tidlegare plukka ut 10 turmål i Askvoll og Fjaler.

Klikk for stort bilete Sølvi Jørgensen      

OBS! Endring av turmål

Grunna stor pågang og for få parkeringsplassar har vi sett oss nødt til å endre ein av turane i TiTur Dalsfjorden 2020. Eikenesstølen i Askvoll vert bytta ut med Rivedalsstølen. Dei som har gått på Eikenesstølen får denne sjølvsagt godkjent.

TiTur Dalsfjorden

TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord Turlag og turlaga i Askvoll og Fjaler. F.o.m. 10. mai t.o.m. 1.oktober har du høve til å bli kjend med mange av dei flotte turområda i nærområdet vårt.

Dette er turane i år:

Askvoll:
Brendeheiknappen
Rivedalsstølen
Nykshytta
Eggene/Siktanuten
Skylefjellet

Fjaler:
Bygdeheia
Sylvsteinsheia
Storåsen
Svenova
Jøtelshaugen

Deltaking og premiering

Premiering: alle som fullfører får ei t-skjorte, og du er med i trekkinga av 3 gåvekort med ein verdi av 1000 kroner. I tillegg trekker vi eit gåvekort blant instagrambilete som er lagde ut med emneknaggen #titurdalsfjorden20 (hugs open profil).

Grunna korona er dagsturhyttene Nykshytta og Vidsyn stengde inntil vidare, og det vil i år ikkje vere raude postkassar med bøker på toppane. Vi oppmodar om å nytte mobilappen til DNT SjekkUt for å registrere deg på toppen. Det er viktig at ein følgjer gjeldande smittevernreglar og ikkje oppheld seg i store grupper.

For å vere med i trekkinga må du ha vore på toppane. Deltakarar under 7 år må ha gått på 5 toppar. Deltakarar opp til 13 år og over 67 kan heller ta to turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane.

Premiane vert utleverte fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvar sitt turkort, og den kan berre leverast inn eitt kort per person.

Turkort

Du finn turkort på Yx bensinstasjon i Askvoll eller Dale. Du kan òg skrivast ut frå vedlegg her:

Utfylt turkort må leverast på Yx bensinstasjon i Askvoll og Dale innan 10.oktober 2020.