Borgarleg vigsel

Frå 1. januar tok kommunane over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Noreg.

Mynde til å gjennomføre borgarlege vigslar i Askvoll er ordførar Ole André Klausen og varaordførar Gunnar Osland.

Prøvingsattest

Før de gifte dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, sjå kapittel 1 i ekteskapslova.
Behandlingstider er to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

Oversikt over skjema som må fyllast ut:

  1. Eigenerklæring
  2. Forlovarerklæring
  3. Erklæring om skifte, om du har vore gift tidlegare
  4. Melding om endring av namn, om du skal bytte namn

Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til Askvoll kommune. Attesten er gyldig i fire månader.

Bestile tid for vigsel

Skal du gifte deg borgarleg i Askvoll, må du ta kontakt med Askvoll kommune v/ordførar på telefon 48037285 eller på postmottak@askvoll.kommune.no

Tid og stad for vigsel

Vi tilbyr vigslar i alle yrkedagar i kontortida. Vigselen vil foregå på Askvoll rådhus anten på ordførar sitt kontor, eller i møterommet i 2. etasje. Det vert innreia slik at det gjev eit verdig og høgtideleg preg.
Brudepar som ønskjer vigsle på andre tidspunkt eller andre stadar i kommunen, må gjere avtale om det med vigslar og betale for eventuelle meirkostnader.

Pris

Vigslar er gratis for alle i ordinær kontortid, sjølv for brudepar busett i andre kommunar en i Askvoll kommune.

Korleis blir seremonien?

I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp.
Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette.

Vigselsattest

Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Kopien fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret.

Fann du det du leitte etter?