Askvoll sogenemnd

Kontaktinformasjon:

Medlemer til Askvoll sogenemnd for perioden 2019 - 2023

Medlemer Askvoll sogenemnd 2019-2023
Medlemer Varamedlemer
Hilde Wåge (leiar) Rolf Losnegård
Kari Eikenes Helle (nestleiar) Aud Kari Steinsland
Per Vidar Nybø Magnhild Hoddevik
Bengt Ronny Landøy-Midtbøen
Reidun Landøy
Lasse Vie
Leif-Jørgen Leknes

Om Askvoll sogenemnd:

Askvoll sogenemnd er ei kommunal nemnd med 7 medlemer som er valt av kommunestyret. Nemnda vart skipa i 1946, og har opp gjennom åra gjeve ut ei rekkje publikasjonar om lokal historie. Artikkelsamlinga Sogehefte for Askvoll kommune (tidlegare "sogeskrift for Askvoll kommune") er vorte ei årleg tradisjon og byr på mykje fin lesestoff. Det første heftet vart gjeve ut for 39 år sidan. Mellom 2004 og 2013 vart det eit opphald, men sognemnda si arbeidet med lokal historie i skriftlege publikasjonar låg ikkje nede i desse åra. I denne perioden vart den store allmennsoga for Askvoll kommune gjeve ut "Havfolk og fjordfolk" av Gaute Losnegård, og ei anna viktig bok var "Askvoll - kommunesenteret ved Sunnfjordleia" av Arvid Follevåg.
 

Oversikt over publikasjonar i sal:

Sogenemnda: oversikt over publikasjonar i sal
Tittel Stykkpris
Sogehefte 2013-2018 kr. 200,-
Sogeskrift for Askvoll 1 - 17 kr. 100,-
Gåvesett Sogeskrift for Askvoll 1-17 (ordinær pris kr. 1 700,-) kr. 990,-
Askvoll - kommunesenteret ved Sunnfjordleia kr. 350,-
På kjøl mellom kystperler i Askvoll og Solund kr. 100,-
Kvammen kapell 30 år kr. 250,-
Havfolk og Fjordfolk bind I og II kr. 498,- (både per stykk og for kjøp av to)
Stadnamnkatalog for Askvoll (til sals på Husflidbua i Askvoll)

Publikasjonane er til sals på rådhuset i Askvoll (rådmannskontoret i 2.etasje). Vi kan òg sende i posten, men då kjem frakt i tillegg. For spørsmål ta kontakt på tlf. 57 73 07 00 (menyval 1 - rådmannskontor) eller på e-post postmottak@askvoll.kommune.no.