Næringsutvikling

Har du gode idear eller prosjekt som kan gje arbeidsplassar, vekst og utvikling for Askvoll kommune? Då er du velkomen til å ta kontakt med oss!

 

Vinterkveld - Klikk for stort bilete

Kommunens næringspolitikk

Eit variert og robust næringsliv er avgjerande for at det skal være attraktivt å bu i Askvoll, og såleis viktig for framtida til kommunen. For mål og strategiar innan næringsutvikling – sjå samfunnsdelen av kommuneplanen. Ein ny næringsplan er planlagt revidert til neste kommunestyreperiode.

Førstelinetenesta

Førstelinetenesta er første kontaktpunkt for gründerar og etablert næringsliv og kommunen tilbyr blant anna rådgjeving og er kontaktledd for næringslivet inn mot det offentlege virkemiddelapparatet.

  • Rådgjeving og hjelp for gründerar og ny-etablerte.
  • Kontaktperson for anna næringsliv:
    - Rådgjeving og kontakt med finansieringsinstitusjonar, verkemiddelapparatet og kompetansemiljø
    - Stimulere til nettverks- og kompetanseoppbygging lokalt og regionalt. Bistå i arbeidet med å finne eigna lokaler og arealer

Starte bedrift?

Førstelinetenesta vil kunne gje deg som nyetablert støtte på ulike trinn i etableringsprosessen.

Tenesta omfattar blant anna:

  • Behandling av søknader om tilskot frå det kommunale næringsfondet
  • Oversikt over andre støtteordningar og hjelp til å finne fram til rett ordning
  • Rettleiing til søkerar i søknadsprosessen og ved utforming av forretningsplan
  • Hjelp i arbeidet med å finne egna lokalar eller tomt
  • Informasjon om tiltaksapparat, inkludert tilskotsordningar og kontaktpersoner
  • Formidle kontakt samt delta på møter for å bidra til framdrift

Kva verktøy er verd å nytte?
Her finn du gode verktøy du som gründer og bedrifter i oppstart kan ha nytte av.

Gründertelefonen til Innovasjon Noreg:
Ein gratis teneste for deg som har spørsmål knytt til å starte en bedrift. Du får prate med ein rådgjevar om din forretningsidé, og får tips og råd til prosessen vidare. Tlf.: 800 50 789 (09.00-15.00, mandag til fredag). Meir informasjon.

Finansiering og tilskotsordningar


Korleis skaffe pengar til start av bedrift?

  • Kommunen disponerer eit lokalt næringsfond og løyvingar frå det skal bidra til å styrke og utvide lokalt næringsliv og lokal arbeidsmarknad, samt gjere Askvoll kommune til ein meir attraktiv kommune å bu og arbeide i. Kontakt gjerne rådgjevar næring for å få råd om søknaden.
  • Her finn du fleire andre finansieringsmogleikar for vårt fylke.
  • Skatteinsentivordninga - Personlege skatteyterar kan få skattefrådrag ved investering i oppstartsbedrifter.
  • Dagpengar frå NAV medan du etablerer eiga bedrift.

Korleis skaffe finansiering til vidareutvikling av bedrifta?

  • Kommunalt næringsfond og støtte til næringsføremål. Fonda skal blant anna fungere som eit verkemiddel for vidareutvikling av eksisterande bedrifter. 
  • Innovasjon Noreg. Her kan du få hjelp til utvikling av verksemda di med tilskot, lån og garantiar. Ta gjerne kontakt med det lokale Innovasjon Noreg-kontoret i Sogndal før du søkjer om tilskot.
  • Fjord Invest. Investeringsselskap i Førde som investerer i lovande vekstbedrifter på Vestlandet.

Dei offentlege næringsaktørane i Sogn og Fjordane har laga ei oversikt over næringsretta verkemiddel i fylket vårt. Dette er eit arbeidsdokument, som vil bli endra etter kvart som ny kunnskap om ordningar kjem til.

Kurs og nettverk - Finn miljø og kompetanse tilpassa dine behov

Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg tilbyr ulike kurs gjennom året. Alle kursa er gratis og tilpassa ditt behov, enten du ønskjer eit kort introkurs eller eit komplett etablerarkurs. Klikk for meir informasjon og kurskalender.

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane. Er nært knytt til mange forskings-, utviklings- og gründermiljø i vår region og hjelper gründerar og oppstartsbedrifter med å kome seg raskt frå idé til kommersialisering. Dei bidrar òg til å vidareutvikle eksisterande- og nytt næringsliv og har erfaring med å finne finansieringsmoglegheiter og arbeide med investorar, både via eige fond og Connect Vest.

Skatteetaten held kurs for nye næringsdrivande. Du kan velje mellom kurs for einskilpersonføretak (ENK) eller aksjeselskap (AS).

Følg òg kommunen si facebookside for informasjon om kurs og anna næringsinformasjon.

Leitar du etter næringsareal?


Askvoll kommune har i kommuneplanen sin arealdel avsett areal for næring fleire stadar. Bygg- og eigedomsavdelinga har ansvaret for dei kommunale arealplanane, og du kan ta kontakt med avdelinga dersom du ønskjer nærare informasjon om arealplanar. Kva for område som er avsett til eksisterande og framtidig næring kan du sjå i arealdelen av kommuneplanen.

Har du spørsmål knytt til reguleringsplanar for eit område kan du ta kontakt med næringsrådgjevar eller plan- og miljøvernleiar.

Samarbeid med næringslivet - bedriftsbesøk


Askvoll kommune ønskjer å være ein næringsvennleg kommune og ønskjer å få vete meir om korleis kommunen kan involvere næringslivet i planarbeid, hjelpe verksemdene i lokale saker og få betre kjennskap til bedriftene sine utfordringar og behov. Dette er svært viktig for næringsutviklinga i kommunen og vil kunne gjere det enklare å fremje viktige saker overfor fylke og stat. Kommunen ynskjer òg gjerne å være diskusjonspartnar for spørsmål om det å investere og drive verksemd i Askvoll kommune.

Ta kontakt med næringsrådgjevar om du ynskjer eit besøk til di verksemd, har spørsmål eller tema du vil diskutere.

Nyttige lenker:

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Arve Åsnes

Rådgjevar næring | Folkehelsekoordinator
Telefon : 57730727
Mobil : 41553275
E-post : Send e-post