Vilkår for bustøtte
Alle over 18 år kan søkje bustøtte bortsett frå studentar og personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje dersom du:
-
er student med barn
-
er student utan barn og studiet er ein lekk i eit offentleg arbeidsretta tiltak
-
er under 18 år og har eigne barn.
Du må bu i bustaden du søkjer bustøtte for. Alle som bur i bustaden, må også vere registrerte i folkeregisteret.
Grenser for inntekt
Det er sett øvre grenser for kor høgt inntektsgrunnlag du kan ha for å kunne få bustøtte.
Her finn du ein oversikt over grensene >
Korleis søkje bustøtte?
Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden.
Søk bustøtte >
Papirsøknad skal du sende til:
NAV Askvoll
Postboks 43
6988 Askvoll
Meir informasjon
På Husbankens bustøttesider kan du lese meir om bustøtte >
Du kan også ta kontakt med NAV for å få hjelp og rettleiing.