Økonomisk sosialhjelp og rådgjeving

Økonomisk sosialhjelp skal sikre deg hjelp til naudsynt livsopphald dersom du ikkje kan sørgje for dette gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.

NAV Logo  (NAV) - Klikk for stort bilete

Søknad om sosialhjelp skal vere skriftleg. Du får søknadskjema på navkontoret. I samband med handsaming av søknaden din får du ein avtale med ein rettleiar. Du vil og få tilbod om økonomisk råd og rettleiing dersom du treng hjelp til å styre eigen økonomi.

Gjeldsrådgjeving

Dersom du har gjeldsproblem kan du få hjelp til å få oversikt over gjelda di og til å kontakte kreditorar, inkassoselskap, namsmannen m.m.

Du kan og få hjelp til å lage budsjett og nedbetalingsplaner tilpassa din økonomi.

Gjeldsordning

NAV Askvoll eller namsmannen (Lensmannen) kan gje meir informasjon om reglar i høve gjeldsordning. Det er forholdet mellom gjeldsbyrda og betalingsevna som avgjer om du fyller vilkåra for gjeldsordning, samt kva type gjeld du har.

Fann du det du leitte etter?