Abonnement på brøyting av private vegar

Askvoll kommune har tilbod om kommunal brøyting av private vegar

Krav til vegen

Den private vegen må vere minst 50 m lang, og vegen må vere i så god stand at han kan brøytast utan fare for utstyr og brøytar.

Før brøytinga tek til vil kommunen/brøytaren kontrollere at vegen har god nok standard. Dersom vegen ikkje kan brøytast slik han er, får eigaren få tilbakemelding med ein gong.

Abonnementsavgift

Pris for brøyting av private vegar Sesong 2016/17
Veglengde Pris
50-250m kr. 2235,- per sesong inkl. mva
250-500m kr. 3750,- per sesong inkl. mva

Ved mykje snøfall vert brøyting av kommunale samlevegar/adkomstvegar prioritert før brøytinga av dei private vegane.

Dersom det er så stor interesse for abonnementsordninga at kommunen får kapasitetsproblem, vil kommunen prioritere søknadene etter nærare kriterier, og evt. seie nei til einskilde.

Om det er fleire brukarar av ein veg, må dei gå saman om abonnementet, og stille med ein representant overfor kommunen.

Søknadsskjema  

> Gå til elektronisk søknadsskjema

> Gå til papirbasert søknadsskjema (pdf)

Søknad om abonnement sendast på papir innan 30.oktober til:

Askvoll kommune
v/Teknisk kontor
Postboks 174
6988 Askvoll

eller elektronisk via linken over.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Per Jan Ryland

Teknisk sjef
Telefon : 57 73 07 32
E-post : Send e-post