Vatn og avlaup

Årsgebyr for vatn og kloakk er eit årleg gebyr som du må betale til Askvoll kommune dersom eigedommen din er knytt til det kommunale vass- og kloakknettet

Tilkoblingsgebyr for vatn og kloakk vert rekna ut er eit eingongsgebyr som må betalast i samband med at du knyter eigedommen din til det kommunale vass- og kloakknettet, eller at du får pålegg om slik tilkobling.

Du må søkje om tilkopling til offentleg vatn- og avlaupsanlegg. Dette gjeld både ved oppføring av nybygg og når eksisterande bygningar skal koplast til.

> Gå til søknadsskjema

> Forskrift om vass- og avlaupsgebyr, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane.

Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den datoen du har fått ferdigattest/bruksløyve (nybygg) eller faktisk tilkoplingsdato (eksisterande bygg) på bygget.

> Oversikt over avgifter og gebyr

Innbyggjarvarsling

Askvoll kommune ønskjer å varsle abonnentane så fort som råd ved betydelege endringar i kvalitet eller mengde. Dette vert gjort per SMS eller talemelding til fasttelefon til ein eller fleire adresser. For at alle med interesse i den aktuelle eigendommen skal motta melding, er vi avhengig av at aktuell mobiltelefon er registrert på adressen. Kontaktopplysningar må dirfor leggast inn på Varsling 24.
Framgangsmåte ved registrering av telefonnummer på adresse finn du her.

Vis dovett!

Småting og matavfall i røra kan gjere stor skade, og føre til oversvømmelsar både hos deg og andre stadar. Feitt og ting som våtserviettar, bomullsdotter, hår, kondomer og q- tips set seg fast i røra og skaper problemer på pumpestasjonane som skal pumpe avlaupsvatnet fram til rensestasjonane.

> Lær meir om dovett i Oslo, Asker og Bærum kommunar sin kampanje dovett.no

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Per Jan Ryland

Teknisk sjef
Telefon : 57 73 07 32
E-post : Send e-post