Koronavirus - Covid-19

Her finn du informasjon frå Askvoll kommune om koronaviruset 

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Renovasjon og slam

Renovasjon og slamtømming i Askvoll vert utført av Sunnfjord Miljøverk (SUM)

Renovasjonsrutekalender

Hushaldningane skal sortere avfall i papiravfall som vert henta eing gong per månad og restavfall som vert henta eing gong per veke.

 

Gå til avfallskalenderen på SUM sine nettsider

 

Boss-app

Sunnfjord Miljøverk har fått ein applikasjon for smarttelefon (IOS, Android og Windows) som inneheld tømmekalender og returpunkter, og som sender ut varsling om bosstømming. Du kan laste ned "renovasjonsappen" på App Store, Windows Phone og på Google play.  

Gjenbrukstasjonen

Gjenbruksstasjonen i Olsetvikane er open kvar måndag klokka 12.00-18.00. Her kan hushaldningane levere papp/papir, kvitevararer, stålskrap, treverk o.l.
Glas kan leverast til glasigloar som er sett ut ved gjenvinningsstasjonen, Stubhaug & Co Landhandel, Askvoll ferjekai og Atløy ferjekai. Klart og farga glas og metallboksar kan no blandast i glasigloane til SUM.

Pris

Alle eigedommar i Askvoll kommune er omfatta av tvungen renovasjonsordning, og må betale gebyr for det. Sunnfjord Miljøverk (SUM) er eit interkommunalt selskap. Gebyrsatsane er like for alle kommunane i SUM.

Kommunen krev inn gebyr for renovasjonsordninga gjennom kommunale avgifter to gonger i året. Faktura kjem i april og september.

> her finn du oversikt over gebyrsatsane

Bestille avfallsbehaldar

Ta kontakt med kommunen ved teknisk drift om du ønskjer utlevering av avfallsbehaldar. Det er krav om ferdigattest/bruksløyve før det vert utlevert avfallsbehaldar.

 

Farleg avfall - spesialavfall

Ordning knytt til farleg avfall/spesialfall finn du her.

http://www.sum.sf.no/search?q=farleg%20avfall

 

 

Kontakt

Teknisk drift

$(TITTEL)
Telefon : 57 73 07 30
E-post : Send e-post

 

Per Jan Ryland

Teknisk sjef
Telefon : 57 73 07 32
E-post : Send e-post